Kvalros Våpenskjold

Informasjon til gjestane

Om visevert

Visevert for kvelden er Fredrik Magnussen. Dersom du ønskjer å halda tale eller bidra med anna underhaldning i løpet av kvelden, ber vi deg ta kontakt med Fredrik på førehand (telefon: 916 95 319).
Det er ynskjeleg at påmelding til talar vert gjort innan 30. mai.

Om gåveliste

Det er ikkje utarbeidd ei gåveliste. Dersom du ønskjer å gje ei gåve, men er usikker på kva, er eit pengebidrag særs velkoment.

Om transport

Adressa til Nittedal kirke er: Kirkeveien 121, 1480 Slattum (Google Maps).
Adressa til Trugstad gård er: Trugstadvegen 10, 2034 Holter (Google Maps).

For å sikra at alle kjem seg frå Nittedal kyrkje til Trugstad gård, ber vi dei som disponerer bil om å melda frå om kor mange ledige plassar dei eventuelt har. Dette for å vurdera om det er naudsynt å bestilla maxi-taxi, eller om dei bilane som alt er tilgjengelege vil vera tilstrekkelege for dei som har meldt ynskje om transport. Vi ber om tilbakemelding innan 30. mai.

Om kleskode

Me ynskjer at våre gjestar kler seg pent til dagen – gjerne dress eller kjole. Samtidig vil me understreke at det viktigaste for oss er at de kjenner dykk vel i det de har på. Det er slett ikkje naudsynt å kjøpe noko nytt – både av omsyn til kostnader, og ikkje minst av omsyn til miljøet.

Om inn- og utsjekk samt frukost

For dei som skal overnatta, er det innsjekk frå kl. 15. Det er truleg at romma vil vera klare ved ankomst til garden, slik at det vert mogleg å sjekka inn direkte etter seremonien i kyrkja. Utsjekk søndag er kl. 12.00. Frukost vert servert mellom kl. 09:00 og 10:30. Romma må betalast av den enkelte, med mindre anna er avtalt med oss. Prisen, inkludert frukost, er 1995 kroner.